g Balder    h

 

 




(Trykk på biletet for å sjå stamtavle)

Iaka's Baron von Vafet

Født 27.03.04  Fri for H.D.

Eigarar: Birgitte H.O. og Viljar Skibenes

Balder er ein skikkeleg godgut!  Han elskar mykje merksemd, og MÅ berre "showe" rundt med bein eller tau i munnen - som ein ekte retriever.  Det kjekkaste han veit er å klatre opp etter ting, då særleg kjellarvindauga der han ser speglbiletet sitt.  Elles går mykje av tida hans med til å gnage på pinnar og bein, eller vise kor flink han er til å sitte fint!  Når Balder kosar med nokon så vil han helst sitte på fanget.  Han lener seg inntil og gir deg gjerne eit kyss! Og smeltar ein kvar han møter med det trikset!
I skogen likar Balder seg godt, der er mange duftspor å følgje.  Me kjem over hare-, rev- og hjortespor som Balder snusar opp så godt han kan.  Går det for sakte med oss på tur, så tek han ut i hundre, og då klarar ikkje Santo å henge med i svingane!