Historie

 

 

 

 

 

 

 

Tidleg krøkast om god krok skal bli...

Våren 1995 var det klart at Birgittes familie skulle få seg ein hund.  Me undersøkte litt om forskjellige hunderaser, men valet falt på ein golden retriever frå vår lokale oppdrettar, Jarle Koldal.

Me fekk Jako's King Cosmos, "Kasper", heim i slutten av juni, han var den største i eit kull på fire.  Rund og god, og med pels som ein isbjørn vart han snart familiens midtpunkt.

Utstillingsdebuten vår var på ei uoffisiell utstilling på Sotra.  Jarle stilte Kasper, mens me sat på sidelinja og var lettare forvirra, men me forsto snart at det var bra når folk applauderte og når hundane fekk fine rosettar.  Kasper vart BIS2-kvalp på denne utstillinga og fekk strålande kritikk frå dommaren - utstillingsinteressa var vekt...

Neste utstilling tok eg over rolla som handler og har sidan stilt Kasper på dei fleste utstillingar han har deltatt på.  Den ultimate uttellinga kom i august 2002, då Kasper tok siste cert på spesialutstillinga til Retrieverklubben og vart Nuch.  Takk til Britt E. Hoff Koldal som stilte han for oss den gongen!

Kasper har vore læremeisteren min heile vegen, og me har prøva og feila saman.  Han vekka interessa mi for hund og inspirerte meg til å lære meir om emnet.  Då det vart aktuelt å bruke han i avl var eg fast bestemt på behalde ein hannkvalp etter det første kullet hans, men det lot vente på seg...  I 2002 fekk eg min eigen hund, Jako's Santo Kim.  "Santo" var då 4 år og gav meg nye erfaringar innan hundeverdenen.  Han var roleg og forsiktig, ein stor kontrast til Kaspers energiske vesen.

Våren 2003 var det klart at Kasper endelig skulle bli far.  Secret-Garden Forrest Gump, "Frodo", kom til oss i juli og var sin far lik, energisk og klar for action! Santo var glad for selskap og dei fann raskt tonen saman.  Eg og Frodo deltok på kvalpekurs og utstilling med bra resultat, alt såg veldig lovande ut.  Det heile enda sørgeleg, han døydde frå oss i februar 2004.
(Les meir: "Til minne om")

Sidan den tid har eg fostra opp tre kvalpar;
Iaka's Baroness von Vafet "Frøya", Iaka's Baron von Vafet "Balder" og Jako's Princess Vafet "Nanna".  Alle tre er gode familehundar, men dei manglar dessverre "det lille ekstra" for å kunna nyttast i avl. 

Vårt siste tilskudd til flokken, Silversign Speak'n Spell "Ulla", vart henta heim frå Sverige i juni 2009.  Håpet er at ho kan legge grunnlaget for mitt vidare arbeid med rasen.  Eg ser ikkje bort frå at det på sikt kan det bli aktuelt med eige oppdrett.

                                               Birgitte H.O. Skibenes