g    Santo h



 


(Trykk på biletet for å sjå stamtavle)

Jako's Santo Kim

31.03.98 - 31.05.10

Eigar: Birgitte H.O. Skibenes


Santo kom til oss våren 2002, då var han 4 år gammal.  Me forsto tidleg at dette var ein hund som sette stor pris på kos og klapp.  Han kunne ligge i timevis og bli kost med, men favoritt posisjonen hans var med hovudet godt gøymt mellom knea på den han koste med - då var han i sitt ess.  Elles elska han å gnage på ting; alt frå pinnar og plank til tyggebein og tau.  I sine yngre dagar fekk han skryt av veterinær for dei reine tennene sine!
"Sporhunden" i familien var Santo.  Han hadde ei nase som kunne finne fram til det meste, men sjølv føretrakk han saueperler og tørkepapir.  Apropos papir - den store lidenskapen hans.  Han elska å rive i stykker og ete papir.  Fyrste julafta me hadde han, åt han opp ei eske med 80 ark av finaste papirlommetørkler.  Kvar sin smak! 
Me fekk mange kommentarar frå folk om kor flott Santo var.  Løyndomen låg nok i dei store, brune augo hans og det isbjørn-aktige uttrykket, det fekk ein kvar til å smelte!