|
g Til minne om h |
||
|
|
På denne sida vil
me minnast vår kjære
Secret-Garden Forrest Gump Født 14.05.03 Døde 27.02.04 Meldinga om at Frodo var på veg fekk Birgitte i ei snøhule på Geilo i begynnelsen av april. Sveinung hadde lagt inn melding på mobilsvar; Kasper skulle endelig bli far, kvalpane låg som perler på ei snor. Yes! Endelig skulle draumen gå i oppfylling; kvalp etter Kasper - vidareføring av slekta! Dette hadde me venta på i mange år, timinga kunne ikkje vore betre - kvalpane var leveringsklare i fellesferien! Det vart nokre besøk hos oppdrettar før leveringsdatoen endelig kom, og me fekk med oss velse Frodo heim. Santo var heime og tok imot oss. Det var tydelegvis veldig spanande; Frodo var heilt våt fyrste kvelden fordi Santo sleva over han... Det gjekk ikkje lange stunda før dei fann tonen saman og sidan hadde dei mykje selskap i kvarandre. Dei leika og sloss saman, men Santo var alltid forsiktig og forsto nok at Frodo berre var kvalpen. Frodo var ein herleg liten krabat, han var alltid lystig og leiken. Det kjekkaste han visste var å strø rundt seg med våte kyss - både på munn og i øyro. Han var pratsom og hadde eit vidt spekter av koselydar, alt frå kattemurring til småsynging. Ingen kunne ta feil av hans gode humør. Han var ei lita solstråle som lyste opp kvardagen. Me deltok på to kvalpeshow med Frodo - han vart BIM begge gongane og fekk gode kritikkar. På dagen då han fylte 9 mnd , 14.02.04, var han på si fyrste offisielle utstilling. Han var så hoppande gla' at han nesten ikkje var nedpå då me srang i ringen. Me fekk derimot tilbakemelding på at han var velvist ståande! I slutten av februar gjekk det heile gale. Frodo var dårleg i magen, matlysta forsvann og allmenntilstanden hans vart svekka. Me reiste til veterinær onsdag 25.februar og dei opererte ut ein tennis-sokk som sat fast i tarmen hans, tilstanden hans var kritisk dei første døgna. Torsdagen fekk me rapport om at han virka meir opplagt og at han skulle få fast føde på slutten av dagen. Han hadde vore ute på luftetur, men var ikkje heilt komfortabel med "skjermen" rundt nakken, den hadde han fylt med snø då kan skulle snuse litt på bakken. Me følte at dette gjekk rette vegen. Dagen etter kom meldinga om at tilstanden hans var forverra, dei la han på operasjonsbordet igjen. På ettermiddagen den 27. februar fekk me meldinga om at Frodo ikkje lenger var blandt oss. Han hadde fått kraftig bukhinnebetennelse og var for svak til å tåle den store påkjenninga. Ein dyrepleiar hadde registrert at han vakna og letta på hovudet etter den andre operasjonen. Då ho kom inn att fem minuttar etterpå var han sovna stille inn. Dette vart ein tung dag for oss - den vesle solståla vår var borte. Me henta han heim dagen etter og fekk gravlagt han. Stemninga var tung, til og med Santo var prega av alvoret. Me trur nok han forsto at Frodo aldri ville springe ved sida hans igjen. |